KAJAKK I SOLUND

Copyright 2012 © All Rights Reserved

Ytterst i Sognefjorden ligg Solund. Eit mangfald av øyer med ein geologi som gjer området unikt.

 

Det karrige og oppbrotne landskapet består av devonsk konglomerat. Sand, grus og stein vart til fjell for meir enn 300 millionar år sidan.

 

Her er fjelltoppar på over 500 m.o.h. Så langt vest ligg toppane fritt og du ser verkeleg langt i alle retningar.

 

Varmekjære plantar som purpurlyng og kaprifol nyt godt av det milde osaniske klimaet og trivst godt her ute.

 

På øyene beitar meir enn 1000 villsau. Oter og havørn er daglegdags og hjorten trivst i utmarka.

 

I Solund kjem du lenger vest enn nokon annan stad i Noreg.

 

 

- Utleige av kajakk på dag- / vekebasis

- Kajakkturar med kjentmann

- Kurs i samsvar med NPF

- Introkurs 4 - 5 timar

- Grunnkurs 16 timar

Øyriket Solund